Kontakt leiar

Kontaktinformasjon leiar.

Dag-Rune Mallasvik

dag-rune.mallasvik@enivest.net

Tlf : 992 97 868

Medlemskontingent

Medlemskontingenten i Tambarskjelvar IL vart endra på årsmøte 8.3.13.  Familiekontingent er kr 400, vaksne kr 250, ungdom 10 til 17 år kr 125, og born under 10 år kr 50. Treningskontingent til dei ulike gruppene kjem i tillegg. I kontingenten ligg det ein forsikring som dekker eventuelle skader på trening og konkurransar i Tambarskjelvar IL sin regi.

Friidrett

Friidrettens dag søndag 20 januar

Søndag 20 januar kl 11.30 er det Friidrettens dag i samarbeid med Sport - 1 leikane i  Førdehuset. Alder 6 år (født 2006) til 19 år (født 1994). Det vert tevla i ulike øvingar. Arrangørar er friidretten i Jølster, Førde og Tambar. Velkomne!

 

Friidretten startar opp

Friidrettstreningane startar opp att etter haustferien. Første trening vert torsdag 18 oktober kl.18.30. Oppmøte ved hallen. Vi varmar opp ute (jogging, intervall mm), så ta med klede til å vere ute i første halvtimen. Etter på går vi inn i hallen og har basistrening av ulike art. Denne treninga høver godt som grunntrening for alle uansett idrett, så her er det berre å stille opp. Alle frå 5 klasse og oppover er hjarteleg velkomne.

 

Herretrimmen byrjar mandag 10.september

Flat mage ? Vaskebrett eller six pack ??  Eller rett og slett litt sosial trening og moro ?   Då er "gubbetrimmen" noko for deg!  Vi startar opp att mandag 9 september kl 20.00 i hallen.  Styrketrening og innebandy mm. Ynskjer alle gamle og særskilt nye medlemmer velkomne!

Sist oppdatert (søndag 09. september 2012 16:02)

 

Resultat Kletten Opp!

Her kjem den endelege resultatlista frå Kletten Opp!  Beklagar at det tok litt lang tid, men vi har hatt vanskar med heimesida vår.

Klikk på vedlegget her og du får opp resultatlista. God lesnad!

 

Sist oppdatert (mandag 27. august 2012 10:14)

 

Deltakar rekord på Kletten Opp!

Her er årets vinnarar av Kletten Opp!  I dameklassa vann Karoline Erdal frå Førde, medan det vart delt førsteplass i herreklassa mellom Eigil Instebø frå Gloppen FIL (til venstre) og Ole Martin Erdal frå Førde (til høgre).

 

Sist oppdatert (lørdag 25. august 2012 17:33)

Les mer …

 
Flere artikler …
Våre sponsorar
Banner
Banner
Vi støttar

Styret
Dag Rune Mallasvik - leiar
Torgeir Herstad - nestleiar
Karianne Øygard - kasserar
Siss May Edvardsen - medlemsansvarleg
Thomas Solheim - styremedlem
Vegard Gillestad - styremedlem
Meld deg på :