Fotball
Kampoppsett Konglerik i Svelgen 10.6.12Her er sist mottatte kampoppsett frå arrangørane i Svelgen. Vel møtt i finveret :-)
Sist oppdatert (lørdag 09. juni 2012 12:51) |
SSF Tambar Cup
31 lag deltek på Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup som blir arrangert i Naustdalshallen fyrstkomande helg. Smågutelaga spelar sine kampar frå klokka 10.00 laurdag, medan gute- og jentelaga spelar søndag. Her blir det mykje god fotball å sjå, så det er berre å møte opp og heie fram våre lokale heltar. Som vanleg er det kiosksal i både kantina og ved tribuna. Meir info og kampoppsett finn du på Tambar Fotball si heimeside: www.tambar-fotball.com Smågutelaget vann Førde Cup
Tambar Fotball sine lag sette også i år farge på årets Førde Cup i Førdehuset, som vart arrangert denne helga. Av seks lag frå klubben, gjekk tre av laga vidare til sluttspelet der smågutelaget vart det beste av Tambarlaga. Med 5-0 mot Bergsøy i finalen, kunne laget hente heim den første seieren til Tambar Fotball nokon gong i Førde Cup. Les meir på www.tambar-fotball.com Over 70 lag påmeldt til Bendit Cup i Naustdal
Tambar Fotball arrangerer neste helg Bendit Cup for 5. året på rad, og fotballgruppa er svært nøgd med at over 70 lag har meldt seg på denne populære cupen. Kampoppsettet er no klart. Oppsettet og meir info om Bendit Cup finn du på Tambar Fotball si heimeside: www.tambar-fotball.com Flott innsats av Tambarlaga på Kongleriket Cup i Svelgen
Mange Tambarlag var i dag i Svelgen og gjorde ein flott innsats på den tredje Kongleriket Cup i år. Mange blide fjes og slitne føtter, der laga både vann og måtte tåle nokre tap. Med værgudane på vår side, vart det ein flott fotballsøndag på det flotte anlegget i Svelgen. Bilder frå dagens Kongleriket Cup finn du på Tambar Fotball si heimeside; www.tambar-fotball.com |









