Barneidrett
Avslutning barneidrettenHusk avslutning barneidretten og idrettsskulen onsdag 15.mai kl 18:00 på stadion. Ta med grillmat og gjerne ein stol/sitteunderlag. Det blir litt konkurransar for store og små og kåring av "Tambarmesternes mester". På grunn av kjempegod deltaking denne sesonen spanderer vi premie på alle !!
|
Orientering- også dei neste torsdagane!Det vert orientering på idretttsskulen også dei to neste torsdagane. Torsdag den 18. april vert det på Øyra/Løken. Og på torsdagen etter, den 25. april vert det på skulen/stadion. Då vert det også friidrett. Båe gonger er det start kl. 18.00 På Sanden - ikkje Helgåsmarka!Det står orientering på programmet for idrettsskulen komande torsdag, den 11. april. Planen var å ha det i Helgåsmarka, men der er det framleis ein del snø. Difor tek vi det på Sanden - med kartteiknstafett, rakettløype og orienteringsløype. Håpar på same gode innsats som sist torsdag. Helsing Åsmund Vektløfting på idrettskulenI morgon, torsdag 7 mars kl 18.00, vert det avslutting på vektløftardelen av barneidretten. Dette vert organisert som eit vektløftarstemne og då får alle deltakarane prøve seg i rykk og støt. Det vert sal av vafler, saft og kaffi, så ta med nokre kroner. Vel møtt! Helsing vektløftargruppa og barneidretten i Tambarskjelvar. Skiskule måndag 21. januar kl. 17.30Ny skiskule i morgon, måndag den 21. januar kl. 17.30. På uteområde ved Instedalen skule. Velkommen! |





