Tambar - Askvoll/Holmedal 7. mars
Laurdag 7. mars klokka 14.00 skal Tambarskjelvar og Askvoll/Holmedal måle krefter i ein treningskamp på Naustdal stadion. Tambar rykka som kjent opp i 5. divisjon etter å ha vunne 6. divisjon, avdeling 2 i 2008-sesongen. Dette var første gong sidan 2002 at Tambar stilte med eit seniorlag for herrar. Askvoll/Holmedal har eit etablert lag i 4. divisjon. Heilt sidan 1983 har klubben vore å funne i 4. med unntak av 2001-sesongen då dei prøvde seg i 3. divisjon.
Tambarherrane gjekk gjennom heile 2008-sesongen utan tap på eigen grus - og etter kvart også eige kunstgras (med unntak av KM-kampen mot Balestrand).
I skrivande stund fortel yr.no at vèrgudane har tenkt til å gje oss om lag ein millimeter nedbør i form av regn og ein svak vind ifrå søraust. På denne tida av året vil dette vere optimale speleforhold.

TIL - AHIL2: I 2008 møtte Tambarskjelvar og Tore Klopstad(venstre) AHIL2 i 6. divisjon, avdeling 2.
Tambar har spelt éin treningskamp tidlegare i år mot eit Gaular-lag som var samansett av både A- og B-lagsspelarar. Vi trakk det lengste strået og vann kampen med siffera 5-4. Askvoll/Holmedal har spelt to treningskampar tidlegare denne vinteren. Den 24. januar vart Dale for sterke og stakk av med sigeren. 3-1. Dale var kvassast framfor mål. AHIL hadde tre skot i treverket! På valentinsdagen, 14. februar vart det 3-2 tap for Eikefjord. Denne kampen var jamnspelt og personlege feil på eigen banehalvdel gjorde til at det gjekk som det gjekk.
Leiar i fotballgruppa i AHIL, Øystein Endestad, seier at AHIL stiller med alle spelarane som er tilgjengelege, og at dei ønskjer ei god gjennomkøyring der dei vil teste formasjonar og spelarar i ulike posisjonar.
Alt ligg til rette for at dette skal verte ein god kamp mellom to Sunnfjord-klubbar som har logoar med likheitstrekk. Møt opp på Naustdal stadion. Ta med deg sitjeunderlag, appelsin og Kvikk Lunsj.
... ein liten limerick
Det er duka for kamp mellom gule og grøne
Og vi går for siger, ja det kan du skjøne
Men uansett resultat
Vert det godt med litt mat
Til kvelds vert det pote og høne.





