Tambarskjelvar Idrettslag vart skipa i 1905 og feira stort 100 års jubileum i 2005. Tambarskjelvar Idrettslag er den største frivillige organisasjonen i Naustdal kommune med ca 850 medlemmer. Medlemstalet har variert opp gjennom tidene, men det er lite tvil om at idrettslaget har vore ein svært viktig samfunnsaktør i Naustdalssamfunnet i dei hundre åra laget har eksistert. Tambarskjelvar har skapt mykje aktivitet og vore ein viktig og samlande faktor for det sosiale livet i bygda, og er det framleis..