Kontakt leiar

Kontaktinformasjon leiar.

Dag-Rune Mallasvik

dag-rune.mallasvik@enivest.net

Tlf : 992 97 868

Medlemskontingent

Medlemskontingenten i Tambarskjelvar IL vart endra på årsmøte 8.3.13.  Familiekontingent er kr 400, vaksne kr 250, ungdom 10 til 17 år kr 125, og born under 10 år kr 50. Treningskontingent til dei ulike gruppene kjem i tillegg. I kontingenten ligg det ein forsikring som dekker eventuelle skader på trening og konkurransar i Tambarskjelvar IL sin regi.

2 Gull og 1 Sølv i dag

Heile Tambartroppa på lag NM vektløfting 2011

Det vart eit veldig godt meisterskap for vektløftargruppa under lag NM i helga. Heile 3 gull og 1 sølv vart det. Gull til ungdom, dame, junior og sølv til senior. Sjansen til gull i seniorklassa rauk då Geir Grønnevik vart skada under oppvarming og ikkje kunne løfte i finalen. Mange personlege rekordar og ein ny norsk rekord i 69 kg klassa av  Jantsen Øverås. Tore Gjøringbø avgjorde i siste løft i juniorklassa ved å setje personleg rekord med heile 6 kg!

Lagleiarane Gunnar Reiakvam og Geir Grønnevik er strålande nøgde med helga og har gjort ein kjempejobb. Vi gratulerer og set inn fleire bilete i fotoalbummet etterkvart.

 

 

Marit Årdalbakke

 

Sunniva Bruland

Trude Raad

 

Glade gullvinnarar og glad lagleiar !

 

Gullvinnarar junior!

 

Ole Martin i støtet !

 

Tore persar!

 

Stein Inge Holset

 

Så kom seniorane...

 

Vebjørn Varlid knusar til!

 

Daniel Holstad

 

Steinar Kvame

 

Jantsen set ny norsk rekord i rykk med 101 kg i 69 kg klassa.

 

Sindre Rørstadbotn

 

Medaljeseremoni seniorklassa.                                            Alle foto. Jørn Helgheim

Sist oppdatert (onsdag 07. desember 2011 12:16)

 
Våre sponsorar
Banner
Banner
Vi støttar

Styret
Dag Rune Mallasvik - leiar
Torgeir Herstad - nestleiar
Karianne Øygard - kasserar
Siss May Edvardsen - medlemsansvarleg
Thomas Solheim - styremedlem
Vegard Gillestad - styremedlem
Meld deg på :