Kontakt leiar

Kontaktinformasjon leiar.

Dag-Rune Mallasvik

dag-rune.mallasvik@enivest.net

Tlf : 992 97 868

Medlemskontingent

Medlemskontingenten i Tambarskjelvar IL vart endra på årsmøte 8.3.13.  Familiekontingent er kr 400, vaksne kr 250, ungdom 10 til 17 år kr 125, og born under 10 år kr 50. Treningskontingent til dei ulike gruppene kjem i tillegg. I kontingenten ligg det ein forsikring som dekker eventuelle skader på trening og konkurransar i Tambarskjelvar IL sin regi.

Abonner på RSS

Ved å klikke på dette ikonet kan du abonnere på RSS nyhende frå tambarskjelvar.no

Tambarskjelvar Idrettslag - offisiell heimeside

Avlyst skiskule

Må diverre avlyse skiskulen i dag. Meir vatn enn snø i dag.

 

Skiskulen startar torsdag!

 

 

Komande torsdag, den 3. januar kl. 17.30 startar Åsmunds skiskule i Instedalen Skianlegg! Barneidretten og idrettsskulen er ein del av skiskulen. Og dei som er med der kan møte opp og treng ikkje å betale ekstra.

Skiskulen er lagt opp med organisert aktivitet/øving for dei minste ( 3-4-5-6 år) frå kl. 17.30 til kl. 18.00. Etter det er det fri aktivitet. Frå 18.00 og til 18.30 er det organisert aktivitet/øving for dei frå 7 år og oppover. Etter 18.30 er det fri aktivitet og individuell rettleiing for alle, så lenge de vil vere i anlegget eller fram til kl. 19.30.

Det vert skiskule kvar måndag i januar og februar og to veker i mars,  frå kl. 17.30 til 19.30. I vinterferieveka (veke 8) vert det ikkje vanleg skiskule, men tilbod om ski- og andre vinteraktivitetar kvar dag gjennom heile veka.

Det vert lagt ut melding på heimesida til idrettslaget og heimesida til Instedalen Skialegg (instedalen.no) om skiskulen vert avlyst på grunn av ver- og føreforhold.

 

 

Barneidretten - treningar etter påske

EIn legg opp til følgande treningar etter påske for 2 år til og med 1 klasse.  For 1. klassingane startar fotball opp den 16.4. Fotball inngår i  Idrettskulen og ein har same treningsdag for 1. til og med 4. klasse.

Torsdag 12.4:  Inne i hallen som tidligare frå kl 17-18 for 2 år til og med 1. klasse

Mandag 16.4. Fotball for 1. klasse frå kl 1700-1800

Torsdag 19.4. Inne i hallen som tidligare frå kl 17-18 for 2 år til og med 1. klasse. 1 klasse har fotball i en sal.

Mandag 23.4  Fotball for 1. klasse  frå kl 1700-1800

Torsdag 26.4 Friidrett ute frå kl 17-18 for 2-6 år. Trenarane er med og hjelper til i lag med Friidrettsgruppa. 

Mandag 30.4 Fotball for 1. klasse  frå kl 1700-1800

Torsdag 3.5. Friidrett ute frå kl 17-18 for 2-6 år. Trenarane er med og hjelper til i lag med Friidrettsgruppa.

Mangdag 7.5 Fotball for 1. klasse  frå kl 1700-1800

Torsdag 10.5. Avslutning av Barneidretten på Naustdal Stadion med aktivitetar og grilling for alle aldersgruppene inkl Idrettsskulen. Idrettskulen (og inkl fotball for 1. klasse) vil halde fram treningane til skuleferien startar.

Vel møtt!

 
Våre sponsorar
Banner
Banner
Vi støttar

Styret
Dag Rune Mallasvik - leiar
Torgeir Herstad - nestleiar
Karianne Øygard - kasserar
Siss May Edvardsen - medlemsansvarleg
Thomas Solheim - styremedlem
Vegard Gillestad - styremedlem
Meld deg på :

Brukerkonto



Webmaster
Web design
Besøkande
Vi har 5 gjester her nå